Friluftsgudsteneste ved Åraksbø grendehus


Søndag 28. februar 2021 kl 11.00

 

Åraksbø sett frå Frøysnes i 1948.

Neste gudsteneste som skulle vore i Sandnes kyrkje den 28 februar 2021 kl. 11.00, vert flytta til Åraksbø grendehus. Same tid. Flyttinga skjer på bakgrunn av smittevernomsyn.

Dette blir ei utandørs gudsteneste. Hyggeleg samvær etter gudstenesta med bålkaffi. Ta med eigen stol.

Sundagen er den 2. søndag i fastetida. Preiketeksta er om "Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne" frå Luk 7,36-50. 

 

Sundag 28. februar: Velkomen til friluftsgudsteneste ved Åraksbø grendehus kl. 11.00. Prest: Kjell Steinbru. Organist: Knut Olav Uppstad. Ta med eigen stol. Bålkaffi etter gudstenesta.

Publisert av Kyrkjene i Bygland Tirsdag 23. februar 2021

Tilbake