Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelege handlingar


Kyrkjelege handlingar


Gjennom livets gang så kjem ein i kontakt med kyrkja på forskjellige måter.

Flagget på halv stang utanfor Sandnes kyrkje markerar sorga ved livsens slutt. Foto: Eirik Hodnemyr

 

Dei kyrkjelege handlingane markerar store hendingar i livet til eit menneske, og kjem med både glede og sorg. Det er i kyrkja me ber fram borna til den heilage dåpen, og me får sjå ungdommane våre verta konfirmerte. I kyrkja høyrer me to menneske gje kvarandre løfte om truskap og kjærleik, og det er her me samlast i sorga ved livsens slutt. Kyrkja rommer heile livet, og me er glad for å kunne vere ein stad for desse viktige merkedagane.