Gudsteneste i Bygland er avlyst


Den planlagde gudstenesten på kyrkjebakken ved Bygland kyrkje søndag 7. mars 2021 kl 11.00 er avlyst.

På grunn av auka smitte i Noreg, og særleg i våre nærområde, har eg kome fram til at vi må avlyse gudstenesta i Bygland kyrkje no til sundag den 7. mars. Vi hadde ei strålande gudsteneste sist sundag ute ved Åraksbø Grendehus med det beste vêr ein kan tenke seg i slutten av februar. No til helga er det ikkje så gode utsikter vêrmessig, så noko utegudsteneste er ikkje aktuelt denne komande helga.

På Facebooksida til kyrkjelyden https://www.facebook.com/Byglandskyrkjene  og på heimesida https://bygland.kyrkjelyd.no/ vert det lagt ut ei lita preike til kvar sundag. Organisten vår, Knut Olav Uppstad, legg ut passande orgelinnspelingar til kvar helg på heimesida.

 

Tilbake