Trusopplæring


Det er Lysvåken-kino og pinsefest den 20 mai 2021 i Fredheim bedehus. Det var superlaurdag, kirkerotteteater og lysvaken i mars 2021.

 

 

Laurdag 20 mars var det Superlørdag på Vonheim bedehus

Det kom tre barn, alle gjekk i førsteklasse.

Vi hadde påskeverkstad, fargela teikninger og las i bøkene som barna fekk med seg heim. Og så åt vi pølser, leika og høyrde om påska!: Og ikkje minst: Vi leita etter påskegg. Det var stor stas!

Søndag 21. mars var det to samlinger på Fredheim bedehus.

Først var det duka for kyrkjerottekino. Fire gutar kom og kosa seg saman. Dei fargela rotteteikningar, såg kyrkjerottefilm på lerrettet, åt masse popcorn, og leika. Alle fekk også gå på jakt på bedehuset etter kyrkjerotter - og jammen meg fann dei fire stykker. Dei tok dei med heim, så no er bedehuset rottefritt att ei stund. :)

Seinare på kvelden var det Lysvaken-kino. Fire gutar kom og såg filmen "Ups, hvor er arken?". Det vart popcorn og tid til gøymsel og. Det vart ei veldig morosam og koseleg kinostund saman.

Helsing frå trusopplæraren Ann-Carina.

Tilbake