Austad kyrkje ligg på Tveit, og er kyrkja lengst mot nord i Bygland og Årdal sokn.
Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum
Austad kyrkje stod ferdig i 1880, og vart vigsla 7. juli 1880 av biskop Jørgen Moe. Han var då allereie viden kjend for folkeeventyra han samla saman med Peter Christen Asbjørnsen.
Opphaveleg låg kyrkja aust for Otra, på Austad, men i 1872 var ho i så dårleg stand at prost Blom kalla henne «kassabel». Kyrkja vart så riven, og tømmeret vart seld. Kyrkja vart bygd opp att på Tveit, lenger nord i soknet, kor hovudtyngden av befolkninga då var busett. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo. På staden kor den gamle kyrkja stod frå 1670 til 1880, vart det så reist eit klokketårn som av nokon vert kalla Austad kapell.
Kyrkja i dag er den tredje kyrkja i det som heitte Austad sokn. Før den gamle kyrkja vart bygd på Austad kring 1670, stod ei stavkyrkje på same staden. Austad stavkyrkje vart bygd kring år 1200, og vart riven i 1668. Stavkyrkja hadde ein portal med to portalplankar med utskjeringar med motiv frå segna om Sigurd Fåvnesbane, ikkje ulikt dei kjende Hylestadportalane. I dag er portalane i Universitetets Oldsaksamling i Oslo.
Altertavla er ein kopi av Thorvaldsens Kristus, og skil seg markant frå dei andre kyrkjene i soknet, og prostiet elles. Preikestolen er i tre, frå kring 1536, og vart restaurera i 1634 av Christen Anderssøn.
Med den nye kyrkja kom ein ny døypefont, laga av Torbjørn Langeid. Det er to andre døypefonter i kyrkja, ein frå kring 1200, og ein frå mellomalderen, restaurera i 1985.
Nattverdutstyret er frå 1680, oblateska frå 1852 og messehakel kom frå Kirkelig Kulturverksted i 1986.

Foto: Reidar Tveito
Orgelet vart bygd av J. H. Jørgensen i 1975, og mange musikarar og songarar har omtala Austad kyrkje som eit særskild klangrikt og godt akustisk rom. Organisten arbeidar med å skaffe eit piano, slik at kyrkja i framtida kan huse regelbundne kulturarrangement og konsertar.
Det gamle Austad sokn omfattar gardane frå og med Ose og Skore i sør til og med Birkeland og Langeid i nord.
I januar 2023 vedtok Bygland kyrkjelege fellesråd å stenge kyrkja. Årsaka var store manglar ved det elektriske anlegget, som krevja store investeringar. Etter at Bygland kommunestyre gav auka løyving i sitt møte i desember 2025, vert det arbeida med å opne kyrkja att.