Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Austad kapell


Austad kapell er eit lite klokketårn som ligg på Austad gamle kyrkjegard på austsida av Otra ved Ose.

Foto: Geir Daasvatn


Klokketårnet på Austad vart bygd etter at det som heitte Austad sokneråd i 1932 vedtok å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Kyrkja i soknet hadde då allereie ligge på Tveit i 52 år. Samstundes vart det vedteke å bygge klokketårnet, og dette vart vigsla allereie hausten 1933. Resten av gravkapellet vart likevel aldri bygd, og difor står klokketårnet åleine midt på kyrkjegarden. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

På kyrkjegarden reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta til minne om spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802-1875).

Sjølvom det høyrer til det sjeldne, har det vore døypt born i Austad kapell, så seint som i 2025.

Tilbake