Sandnes kyrkje ligg i grenda Åraksbø, på austsida av Åraksfjorden.
Foto: Knut Eldhuset
Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844. Ho vart bygd av Anders Torson Syrtveit, viden kjend som Anders kyrkjebyggar. Mange av kyrkjene som Anders kyrkjebyggar bygde var bygd etter typeteikningar av slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Opphaveleg låg kyrkja på Sandnes, nokre kilometer lenger sør.
Kyrkja er antakeleg den tredje kyrkja på staden. Ei kyrkje vart bygd i førreformatorisk tid, og er nemnd i ei skriftleg kjelde i 1558. Det var på slutten av 1600-talet bygd ei ny kyrkje som erstatning for den gamle og falleferdige kyrkja. Denne kyrkja vart riven kring 1840, då ho òg vart ansett som forfallen.
Det hadde fleire gonger vore tale om å flytte kyrkja frå Sandnes til Åraksbø. Kyrkjegarden var for liten, og hovudtyngden av kyrkjelyden budde lenger nord. Det vart søkt om flytting i 1844 og i 1892, men båe søknadar vart avslegne.
I 1931 kjøpte det som heitte Sandnes sokneråd ei tomt på to mål på ein gamal gravhaug i Åraksbø, og soknerådet satte i gang prosessen med flytting av kyrkja. I 1935 kom meldinga frå Kyrkjedepartementet:
Oslo, Statstelegram. Sandnes sokneråd v/herr Ketil Gakkestad, Åraksbø. Løyve til flytting av Sandnes kyrkje frå Sandnes til Åraksbø er gjeve i Statsråd den 18. jan. dette år. Nærmare melding sendast i skriv til Agder Stiftsdireksjon.
Kyrkjedepartementet.
Kyrkja vart så teken frå kvarandre og frakta til Åraksbø på isen, kor ho vart reist att. 11. oktober 1935 vigsla biskop James Maroni kyrkja på den nye tomta.
Flyttinga av kyrkja var svært kontroversiell. Ingen frå grendene Frøysnes og Sandnes møtte opp under vigslinga, og bygdefolket i desse grendene sette seinare opp eit kapell på den gamle kyrkjetomta i Sandnes.

Foto: Siri Johannessen
Sandnes kyrkje har 200 sitteplassar, og har altertavle, preikstol og døypefont i tre. Altertavla er skåren av Lars Olav Stedjan og har to motiv måla av Lars Osa; «Jesus i Emmaus» og «Den tronende Kristus».
Bak i kyrkja er det eit harmonium av typen Chicago Cottage, og framme ved alteret er det eit piano. Bygland og Årdal sokneråd gjekk hausten 2025 inn for kjøp av eit pipeorgel på 4 stemmer. Dette orgelet har tidlegare stått i Grimstad kapell, og vert installert i Sandnes kyrkje våren 2026.