Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Sandnes kapell


Sandnes kapell er ein mindre kopi av Sandnes kyrkje, og ligg like ved Sandnesfjorden, mellom Storstraumen og Åraksbø.

Foto: Geir Daasvatn


Sandnes kapell vart sett opp etter at Sandnes kyrkje vart flytt frå Sandnes-grenda til Åraksbø. Då Sandnes kyrkje på nytt vart vigsla av biskop James Maroni i 1935 møtte ingen frå grendene Frøysnes og Sandnes opp. Seinare bestemte bygdefolket i desse grendene seg for å setje opp eit nytt kyrkjebygg på den gamle kyrkjetomta på Sandnes. Ho stod ferdig hausten 1940, og vart vigsla i 1949.

Kapellet er bygd over same lest som Sandnes kyrkje, men er mykje mindre. Det er 60 sitteplassar i kyrkjebygget. Altertavla er av Ottar Gladtveit frå 1960, og det er òg preikestol og harmonium framme i kapellet.

Tilbake