Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Bygland kyrkje


Bygland kyrkje er hovudkyrkja i Bygland og Årdal sokn, og ligg i kommunesenteret Bygland.

Foto: Geir Daasvatn


Bygland er ein gamal kyrkjestad, og er nemnd i pavelege rekneskap allereie i 1327 som Ecclesia de Buglanda i Odrodales provincia (Otredal prosti). Antakeleg var denne kyrkja ei stavkyrkje. Få minne finnast frå denne kyrkja, men alterskåpet vart berga, og vart i 1872 sendt inn til Historisk museum i Oslo.

Ettersom kvaliteten på byggverket ikkje tålde tidsens tann, vart det bygd ny kyrkje i 1669. Dette skjedde etter fråsegn frå Titus Bülche til kongen om kyrkjene i Setesdalen. Han hadde mykje å klage over.

Kirckeværgerne maa med Posen paa Ryggen ombkringaae at indsamble Kornet, och af een deel lidet och af somme iblandt intet bekomme, men istæden for Kirchernes Rættighed tidt och ofte begegnes med onde Ord.

Bülche meinte vidare at det burde kome sagbruk attmed kvar kyrkje, av di folk stod rådlause for bord til likkistene slik som tilhøva var. Kyrkja frå 1669 vart bygd av ein mann kalla «Ifuer Snedker», som antakeleg budde innan prostiets grenser. Same mannen bygde òg kyrkjer i gamle Austad og gamle Årdal sokn i same periode. 

I 1835, etter at denne kyrkja for lengst hadde vorte seld til allmuen, vart ho ansett som for liten, og bygdefolket vart oppfordra av biskopen til å bygge ei ny. Tømmer med rosemåling frå denne kyrkja finnast den dag i dag i tårnet i Bygland kyrkje.

Bygland kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1838. Ho vart bygd av Anders Torson Syrtveit, som òg vart kjend som Anders kyrkjebyggar, og har mange likheitar med Iveland kyrkje og Valle kyrkje som òg vart bygd av same mann. Kyrkja vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje.

 

Foto: Finn Krafft


Altertavla er skåren av Lars Olav Stedjan og er måla av Lars Osa, plent som i Sandnes kyrkje. Der Sandnes kyrkje har motivet «Den troende Jesus», måla Osa «Himmelfarten». Same Stedjan som skar ut altertavla, laga òg preikestolen i kyrkja. Alterduken er sydd av Torhild Nese i 1976, og krusifikset er laga av Salve B. Kjetså i 1925.

I tårnet er det to klokker, ei frå ei tidlegare kyrkje, og ei som vart laga av O. Olsen & Søn i 1938 med inskripsjonen:

Ring for heile folkehopen
Ring og kim i nord og sud
Til me skodar himlen open
Til me fær ein smil av Gud

Dette er kjende ord frå Anders Hovden si salme «Joleklokker over jorda». 

I 1925 fekk Bygland kyrkje eit tysk Hollenbach-orgel frå 1890. Det hadde då stått i 35 år i Tolga kyrkje, nord i Østerdalen. Orgelet vart utvida med fire register i 1984, og er såleis det største instrumentet i soknet. Orgelet står på trevet, og det er galleri ut til begge krossarmane.

I nyare tid vart det sett inn piano i kyrkja, av merke Petrof. Dette vart i 2025 flytt av organist Eirik Hodnemyr til Årdal kyrkje. Samstundes gjekk soknerådet inn for kjøp av eit Petrof-flygel som vart installert same dagen som det gamle pianoet vart flytt. Flygelet kom frå Grim kirke i Kristiansand.

Mellom garden Åkhus og kyrkja ligg Vonheim bedehus, og dette vert regelbunden nytta av kyrkjelyden både til konfirmantundervising og andre samlingar.

Tilbake