Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Årdal kyrkje


Årdal kyrkje er den sørlegaste kyrkja i Bygland og Årdal sokn, og ligg i Grendi, nord om Byglandsfjord.

Foto: Christian Christensen Thomhav


Årdal kyrkje ligg på Lande i Grendi, like ved riksveg 9 og har utsyn over den sørlege delen av Byglandsfjorden. Ho er ei åttekanta kyrkje i tre, og vart bygd i 1828.

Byggmeister Anders Torson Syrtveit, like kjend som Anders kyrkjebyggar, byggja det som truleg er den tredje kyrkja på staden. Kyrkja er bygd over same lest som Hornnes kyrkje som ligg på hisida av åna nokre mil lenger sør, men er noko mindre, og har ikkje galleri. Våpenhuset vart bygd så seint som i 1988.

Den fyrste kyrkja på staden er nemnd i pavelege rekneskap i 1327, og var truleg bygd allereie på 1200-talet. Ho er omtala som Ecclesia de Hardal. Dette var, som ein òg antek fannst mange andre stader i Setesdal, ei stavkyrkje. Samstundes som det vart bygd nye kyrkjer i gamle Austad og gamle Bygland sokn, vart ei ny kyrkje bygd i Grendi. Dette var i 1604, og allereie i 1662 måtte kyrkja reparerast omfattande.

Medan Napoleonskrigane rasa lenger sør, var det ei valdsam befolkningsauke i det som heitte Årdal sokn. I 1625 var det åtte gårdar og seks husmenn i soknet, og i 1812 hadde dette auka til 39 gårdar med 267 personar. Sjølv om biskopen tykkja kyrkja var godt halden vedlike, måtte ho erstattast av ei større kyrkje, og dimed vart kyrkja som står der i dag bygd. Dette var før kommunikasjonstettstaden Byglandsfjord vart bygd ut på slutten av 1800-talet.

 

Foto: Eirik Hodnemyr


Der den mykje liknande Hornnes kyrkje har preikestolen direkte framanfor alterringen, i same høgde som koret, er preikestolen i Årdal kyrkje plassert i det ein kallar eit preikestolalter. Preikestolen er sentrert over altertavla, og predikanten står dimed fleire meter høgare opp enn kyrkjelyden. Denne preikestolen er ikkje lenger i bruk. Det vart bygd ny preikstol i 1930 langs sørveggen.

I 2012 vart eit gamalt Hammond-orgel avløyst av eit pipeorgel bygd av Henry Jones i 1885. Det vart flytt frå London til Årdal av den tyske orgelbyggaren Elmar Krawinkel, som òg utvida orgelet noko. Det står framme ved alterringen mot nordveggen. Nedanfor orgelet står eit piano, av merket Petrof, som vart flytt av organist Eirik Hodnemyr frå Bygland kyrkje til Årdal i 2025. Det avløyste eit Rönisch-piano av som av pianostemmar vart beskriven som eit «solid instrument, dog litt stygg i klangen».

Tilbake