I Bygland og Årdal sokn finst det seks kyrkjegardar, spredd over heile kommunen. Desse er viktige historiske minne, samstundes som dei er ein plass for sorg og saknad etter dei som har vandra vidare.
Austad gamle kyrkjegard, med bauten til minne om Tarkjel Aslakson Austad, og Austad kapell. Foto: Geir Daasvatn.
Det er i alt seks kyrkjegardar i Bygland og Årdal sokn.
- Austad kyrkjegard ligg ved Austad kyrkje på Tveit.
- Austad gamle kyrkjegard ligg på Austad på austsida av Otra frå Ose.
- Sandnes kyrkjegard ligg ved Sandnes kyrkje på Åraksbø.
- Sandnes gamle kyrkjegard ligg ved Sandnes kapell på Sandnes.
- Bygland kyrkjegard ligg ved Bygland kyrkje.
- Årdal kyrkjegard ligg ved Årdal kyrkje i Grendi, og har parsellar på båe sider av riksveg 9.