Informasjon om alle instrumenta i Bygland og Årdal sokn.
Austad kyrkje

Orgelet i Austad kyrkje vart bygd av J. H. Jørgensen i 1975.
Orgelet har eitt manual og pedal med i alt sju stemmer.
Orgelets disposisjon:
Manual
Rörflöyte 8'
Spissgamba 8'
Principal 4'
Fløyte 4'
Gemshorn 2'
Mixtur 3 f.
Pedal
Subbass 16'
Pedalkobling
Kyrkja har ingen andre instrument plent no, men det står eit harmonium i driftsbygget, og det vert arbeida med å skaffe eit piano til kyrkja.
Sandnes kyrkje
Harmoniumet i Sandnes kyrkje er av merket Chicago Cottage og er fra tidleg 1900-tal. Det var det fyrste orgelinstrumentet i Bygland herad i si tid.

Dette orgelet skal i løpet av våren installerast i Sandnes kyrkje. Foto: Espen Takle
I 2025 vedtok Bygland og Årdal sokneråd å kjøpe eit pipeorgel med eitt manual, uten pedal med i alt fire stemmer. Dette vert installert i kyrkja våren 2026. Orgelet har tidlegare stått i Grimstad kapell, og er bygd av I. Starup & Søn i 1984.
Orgelets disposisjon:
Manual
Gedakt 8'
Principal 4'
Rørfløyte 4'
Quintatøn 2'
Kyrkja har òg eit piano framme i kyrkja, av merket Grotrian-Steinweg. Dette pianoet held ikkje særleg god kvalitet, og organisten arbeidar med å erstatte det med eit elektronisk piano.
Sandnes kapell
Harmoniumet i Sandnes kapell er av merket Lakeside, og er plassert framme ved alterringen i kapellet.
Bygland kyrkje

Orgelet i Bygland kyrkje er bygd av Albert Hollenbach i 1890. Det stod dei fyrste åra i Tolga kyrkje i Østerdalen, og vart flytt til Bygland i 1925. I 1984 vart det utvida med fire stemmer.
Orgelet har eitt manual og pedal, med i alt sju stemmer.
Disposisjon
Gedact 8'
Principal 8'
Octave 4'
Floete 4'
Gambe 4'
Octave 2' B/D
Pedal
Subbass 16'
Pedalkobling
Kyrkja har òg flygel, av merket Petrof, framme i kyrkja. Det vart installert før jol i 2025, og kom opphaveleg frå Grim kirke i Kristiansand. Dette erstatta eit eldre Petrof-piano som vart flytt til Årdal kyrkje.
Årdal kyrkje

Tidlegare organist, Knut Olav Uppstad, sit ved orgelet i Årdal kyrkje. Foto: Siri Johannessen
Orgelet i Årdal kyrkje vart bygd av Henry Jones i 1885 og vart installera i kyrkja i 2012. Opphaveleg stod orgelet i London, og vart flytt til Årdal av orgelbyggaren Elmar Krawinkel. Konsulent for kjøpet og installeringa var Johan Varen Ugland.
Orgelet har eitt manual og pedal med i alt 5 stemmer.
Orgelets disposisjon:
Manual
Open diapason 8' B/D
Gedact 8'
Gamba 8'
Principal 4'
Pedal
Bourdon 16'
Pedalkobling
Orgelet er plassert mot nordveggen i kyrkja like ved alterringen. Like nedanfor orgelet står eit piano av merket Petrof. Dette vart i 2025 flytt frå Bygland kyrkje til Årdal av organist Eirik Hodnemyr. Dette erstatta eit eldre, utslitt piano av merket Rönisch.