Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Opningskonsert i Austad kyrkje


Det vert ei storslått feiring av den nyopna Austad kyrkje, sundag 13. september 2026. Dit kjem nemleg Oslo kammerkor.

Heilt sidan kyrkja på Tveit vart stengd i 2023 grunna manglar på det elektriske anlegget har det vore tale om å starte eit arbeid med kulturkyrkje. No er foreininga Setesdal kulturkyrkje formelt stifta, og det er mellom anna Gunnar D. Ose og Kirsten Bråten Berg som står i spissen for dette arbeidet.

Me er glade for å kunne ha ei opningsfeiring, sundag 13. september kl. 15:00, med mykje flott musikk. Oslo kammerkor er hovudattraksjonen.

Koret har i mange år arbeidd med folkemusikk. Kirsten Bråten Berg har hatt kurs med dei og har sjølv vore med på konsert i Ris kyrkje i Oslo. Koret nyttar stevleik, slåttetrallar og religiøse folketonar i programma sine.

Dirigent for koret er Håkon Daniel Nystedt, og fleire i koret er erfarne kvedarar. Koret skal laurdag 12. september ha kvedekurs med fleire kvedarar frå Setesdal spelemannslag.

I tillegg til Oslo kammerkor, vil kvedarar frå Setesdal spelemannslag, koret Kong Hanes eftf. med solist Jan Oddvar Rysstad, og organist Eirik Hodnemyr delta i konserten. Dette vil du ikkje gå glipp av.

Informasjon om billettar finn du her.

Tilbake