Vil du vere med og skape gode rammer rundt kyrkja sitt arbeid i Bygland, og ta vare på kyrkjebygga våre? Vi har ledig ein 20% kyrkjetenarstilling i Bygland og Årdal sokn, med søknadsfrist 13.september.
Bygland kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg kyrkjetenar i 20 % stilling.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Praktisk tilrettelegging og gjennomføring av gudstenester
- Teneste ved kyrkjelege handlingar som dåp, vigsler og gravferder
- Klargjering, opning og stenging av kyrkjene
- Reingjering og orden i kyrkjebygga
- Enkelt tilsyn og vedlikehald
- Andre praktiske oppgåver etter behov
Arbeidsstad
Tenesta omfattar arbeid ved følgjande kyrkjestader:
Bygland kyrkje, Austad kyrkje i Tveit, Sandnes kyrkje på Åraksbø, Årdal kyrkje i Grendi, Sandnes kapell og Austad gamle kyrkjegard.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
- Er praktisk anlagt og arbeidsam
- Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- Har respekt for kyrkja sitt oppdrag og dei kyrkjelege handlingane
- Har førarkort og disponerer eigen bil
- Er medlem av Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei variert og meiningsfull stilling
- Eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Anna informasjon
Stillinga er på 20 % gjennomsnittsberekna arbeidstid. Arbeid på kveldstid, i helgar og på kyrkjelege høgtidsdagar må påreknast. Arbeidstida varierer gjennom året etter behovet ved dei ulike kyrkjestadene.
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja. Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande regelverk for Den norske kyrkja.
Søknad
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kyrkjeverje Anne Synnøve Ropstad på telefon 90916664.
Søknad med CV sendast til ar375@kyrkja.no innan 13.september 2026.