Annankvar tysdag er det andakter på Byglandsheimen og sist tysdag stilte alle opp på eit bilete.
Her er eit bilete av dei som var samla til andakt tysdag 2. mars. Frå venstre: Eivind Attestog, Birgit Eldhuset, Anne Vollen, Jorunn Lande, Gunnar Gautland, Torbjørg Mosdøl, Gerd Mosdøl, Knut Olav Uppstad, Gunnar Lande, Margit Smedsland, Astrid Nordgarden og Kjell Steinbru.
Det er presten som leier andakta. Den som speler til salmane er organisten Knut Olav Uppstad. Ofte er Gunnar Gautland også med og syng, og det er alltid populært.
No mens vi har koronarestriksjonar, er andaktane lukka for besøk utanfrå. Men elles er det triveleg om det kjem besøk til desse samlingane.
Aktivitetsleiar Margit Smedsland er den som er kontaktpersonen til Byglandsheimen. Ho passer på at dei som ønskjer å vere med på andakta blir minna på det, og at dei som treng hjelp for å kome til andakta får det. Ofte er presten på besøk til dei som ikkje er sterke nok til å kome til andakta.
Ei andakt består av salmesong, lesing av ei bibeltekst, ei lita preike, ei bøn med Fadervår, og avslutning med Velsigninga. Heilt til slutt plar organisten spele eit, og av og til fleire, stykke på orgelet.
: Organisten Knut Olav Uppstad i gang med eit postludium over salma "Nu rinder solen op af østerlide". Det er ei gamal salme med tekst av Thomas Kingo og i ei folketone etter Ingebjørg Liestøl frå Åseral. Knut Olav Uppstad vart godt kjend med Ingebjørg Liestøl av de dei ofte vitja mor hans sin heimplass i Espelid. I nabohuset budde Liestøl. Ho kalla han berre for «Knøttet» da han var liten.