Friluftsgudsteneste i draumevêr!


28 februar vart det arrangert friluftsgudsteneste utanfor Åraksbø grendhus, med bålpanne og sol som steig opp i aust.

 

Åraksbø grendehus: Det var reine påskestemninga i sola denne dagen.

 

Det er krevjande tider for land og folk. Koronarestriksjonane set strenge grenser for korleis vi kan samlast til aktivitetar. I kyrkjene gjeld i skrivande stund ein to-meters avstand mellom kvar deltakar når det er felles salmesong. Men viss ein kan ha gudstenesta utandørs er det lettare å gjennomføre den etter dei smittevernreglane som gjeld.

Da tida for den tillyste gudstenesta den 28. februar i Sandnes kyrkje nærma seg, såg vêrutsiktane ut til å vere dei aller beste til å vere den siste dagen i februar. I samråd med kyrkjetenar Knut Gakkestad vart vi einige om å ha gudstenesta på plassen framføre Åraksbø Grendehus. 

Da vi rigga til til gudstenesta, kom sola fram over heia og skein så klårt og fint og varma opp plassen der folk sat. Heilt vindstille var det òg. Så blei det ei fin stund der oppe. 

Preiketeksten denne sundagen var frå Lukas kapittel 7, om «Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne». Bodskapen ho fekk med seg ut frå møtet med Jesus var dette: «Syndene dine er tilgjevne. Trua di har frelst deg. Gå i fred!». Ein herleg og frigjerande bodskap som også vi kan ha med oss i våre liv.

Etter gudstenesta serverte kyrkjetenar Knut Gakkestad bålkaffi. Her var det ingen som hadde det travelt med å kome seg heim att.

 


Med dei finaste kulisser ein kan tenke seg las Knut Gakkestad dagens tekst.

Stabssamling rundt bålpanna: Fyrbøtar og klokkar Knut Gakkestsad, presten Kjell Steinbru og organist Knut Olav Uppstad

Tilbake