Dåp med koronarestriksjoner


Vi har strenge nasjonale koronatiltak no, og dei må vi i kyrkja også følgje. 

 

Dette i høve til kor mange som kan vere til stades på gudstenester og andre samlingar. I skrivande stund ligg det an til ytterlegare innstrammingar.

 At familiane ofte kjem frå forskjellige kantar av landet gjer det enda vanskelegare å samlast. Det å samlast frå aust og vest og nord og syd er ikkje nokon god ide når vi elles gjer alt vi kan for å hindre smitta i å breie seg.

 

Gode grunner til å utsette

Talet på menneske som kan samlast dessverre mykje lågre er enn dei fleste ser for seg. Dåp er jo ein familiefest. Det kan difor vere gode grunner til å utsette ein dåp til det vert letta på tiltaka. Truleg vil det dryge nokre månader enno. Men det skal også vere klårt at vi framleis kan ta imot til dåp innanfor dei retningslinjene som gjeld no.

 

Eigne dåpsgudstenester.

Ein dåp har tradisjonelt vore i ei vanleg gudsteneste. Under koronapandemien har dette endra seg. Dei som har hatt dåp det siste året har hatt det i ei eiga gudsteneste. For mange har dette vore ei positiv oppleving. Da har dåpen ikkje berre vore eit lite innsmett i ei vanleg gudsteneste, men heile samlinga er da retta mot dåpen. Signalet frå kyrkja si leiing er at dette har vore så positivt at dei vurderer det såleis, at dette er ei ordning som er komen for å bli. Da vert den vanlege dåpssamtalen også lagt til denne dåpsgudstenesta. For framtida vil kyrkja dermed kunne tilby begge ordningane: Dåp i ei vanleg gudsteneste eller i ei eiga gudsteneste. Dåp i ei eiga dåpsgudsteneste tek om lag ein halv time.

 

Påmelding til dåp.

Dei som ønskjer dåp må ta kontakt med sokneprest Kjell Steinbru for å avtale tid og stad. Påmeldinga skjer via heimesida til kyrkjelyden.

 

 

Gode grunner til å utsette

Det er nok mykje færre enn dei fleste ser for seg i ein dåp, som gjerne er ein familiefest. I tillegg kjem det at vi i våre dagar ofte bur ulike stader i landet, og det å samlast frå aust og vest og nord og syd er ikkje nokon god ide når vi elles gjer alt vi kan for å stoppe smitta i å breie seg. Det kan difor vere gode grunner til å utsette ein dåp til det vert letta på tiltaka. Men det skal også vere klårt at vi framleis kan ta imot til dåp med dei retningslinjene som gjeld no. 

Eigne dåpsgudstenester.

Ein dåp har tradisjonelt vore i ei vanleg gudsteneste. Under koronapandemien har dette endra seg. Dei som har hatt dåp det siste året har hatt det i ei eiga gudsteneste. For mange har dette vore ei positiv oppleving. Da har dåpen ikkje berre vore eit lite innsmett i ei vanleg gudsteneste, men heile samlinga er da retta mot dåpen. Signalet frå kyrkja si leiing er at dette har vore så positivt at dei vurderer det såleis, at dette er noko som er komen for å bli. Da vert den vanlege dåpssamtalen også lagt til denne dåpsgudstenesta. For framtida vil kyrkja dermed kunne tilby begge ordningane: Dåp i ei vanleg gudsteneste eller i ei eiga gudsteneste. Dåp i ei eiga dåpsgudsteneste tek om lag ein halv time. 

Påmelding til dåp.

Dei som ønskjer dåp må ta kontakt med sokneprest Kjell Steinbru for å avtale tid og stad. Påmeldinga skjer via heimesida til kyrkjelyden

Gå inn på side om smittevern for meir informasjon om dette.

Tilbake