Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


No kan vi feire gudsteneste igjen


No kan vi atter feire gudsteneste. Gud til ære oss til gavn! Endeleg kan vi samlast til gudsteneste i kyrkjene igjen! No har dei vore stengd i to månader for alt anna enn gravferder og dåp, med berre dei næraste til stades. Gud til ære oss til gavn!

Det er sikkert mange som kjenner denne strofa frå eit mykje brukt bordvers. Dette kunne også godt vere overskrifta på det ei gudsteneste er: Der takker og lovpriser vi Gud for livet og frelsa, og for alt det som han har skapt og gjeve oss menneske: jorda som vi lever på og lever av. Og så skal ei gudsteneste også vere eit åndeleg påfyll. Ein skal gå ut frå ei gudsteneste litt rikare inni seg. Her har vi høyrt Guds ord, både frå Skrifta og frå prestens tale, her har vi bedt og lovprisa Gud. Her synger vi dei gode salmane med mykje god livsvisdom i seg. Her kan vi knele ned for Herrens andlet i nattverdens nåderike måltid og ta imot orda om styrke vidare på livsvegen. Gud til ære oss til gavn!

Ikkje vere heilt som før

Men gudstenestene framover vil ikkje bli heilt som før. Det mest inngripande no er at det må førast liste over dei som kjem til kyrkja. Med namn og telefonnummer. Dette er noko myndigheitene har bestemt for å kunne spore attende ei eventuell smitte. Så er det også satt ei øvre grense på 50 deltakarar til kvar gudsteneste. Dei som kjem må overhalde ein minsteavstand på ein meter, med unnatak for dei som bur under same tak. Elles gjeld dei allmenne forskriftene, mellom anna det at dei som kjenner seg sjuke må halde seg heime. Ved inngangen til kyrkjene vil det vere ein person som skriv namneliste og har antibac tilgjengeleg for dei som kjem inn. Dei første gudstenestene i Bygland vil avvike noko i tid og stad frå dei som først var planlagt. Så følg med på gudstenestelista her i Setesdølen og på heimesidene. Det er dei som no gjeld.

Under framandt styre

Denne våren feirar vi 75-årsjubileum for frigjeringa etter krigen. Det var fem lange år under framandt styre. No er det eit mikroskopisk lite virus som regjerer mest over heile verda. I fotspora til viruset følgjer sjukdom og død. Mange er råka av arbeidslause, mange er blitt sosialt isolerte, borna har ikkje fått kunne gå på skulen og møte kvarandre på fritidsaktivitetar. Kvardagen for dei fleste av oss er ikkje som den var før viruset slo til. Myndigheitene i vårt land skal ha ros for å ha satt inn tiltak som har avgrensa spreiinga av viruset. Det kviler eit stort ansvar på dei. No lettar dei etter kvert på tiltaka. Da er det viktig at vi, når vi samlast gjer det vi kan for at smitta ikkje igjen skal kome ut av kontroll. Ingen veit kor lenge vi må ha desse tiltaka. Men vi har tiltru til myndigheitene og følgjer dei tiltaka og den såkalla bransjestandarden som gjeld. Så vonar eg at folket vil glede seg over at vi igjen kan samlast: Gud til ære oss til gavn! Kjell Steinbru Sokneprest i Bygland og Åseral

Tilbake