Palmesøndag


Søndag 21 mars 2021. Tekster for palmesøndag. Kort preken av sokneprest Kjell Steinbru. 

 

Her er ein kort preken og tekster for Palmesøndag.

For andre korte prekner tidlegare i fasta så gå inn på sida for Kyrkjeåret

 

 

Tekster

Evangelietekst

6 Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske, 7 kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords. 8 Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til? 9 Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.» 10 Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12 Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. 13 Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

Matt 26,6-13

1. tekstlesing

6 Og dei framande som har slutta seg til Herren,
          som vil gjera teneste for han
          og elska Herrens namn
          og vera hans tenarar,
          alle som held sabbaten
          og ikkje vanhelgar han,
          men held fast ved mi pakt,
          
    7 dei fører eg til mitt heilage fjell
          og lèt dei gleda seg i mitt bønehus.
          Brennoffer og slaktoffer frå dei
          gjev velvilje på mitt altar.
          For mitt hus skal kallast
          eit bønehus for alle folk,
          
    8 seier Herren Gud,
          som samlar Israels fordrivne.
          Endå fleire vil eg samla
          enn dei som alt er samla.

Jes 56,6-8
 

2. tekstlesing

21 Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. 22 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24 Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus. 25 Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.

Rom 3,21-26

Tilbake