Kyrkjeklokker på påskeaftan


Påskeaftan ringer kyrkjeklokkene påska inn.

 

Påskeaftan ettermiddag kl. 17.00 vil kyrkjeklokkene i dei fleste kyrkjene i Setesdalen ringe påska inn. Med det så vil kyrkja markere at vi da går inn i påskehøgtida. No som styresmaktene har lagt ned forbod mot alle arrangement, og gudstenester med, vil kyrkja med denne eldgamle tradisjonen minne folket om den gode bodskapen, sånn som det står i salma Deg være ære: Evig skal døden være Kristus underlagt.

Helsing frå sokneprest

Kjell Steinbru

Tilbake