2. søndag i påsketida.Tekst. Kort preken av sokneprest Kjell Steinbru.
Evangelietekst
Joh 21, 15-19
Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!»
Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!»
Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!
Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»
Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»
1 tekst
Jer 31, 1-6
1 På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i ørkenen.
Israel skal dra av stad og finna ro. 3 Frå det fjerne synte Herren seg for meg:
Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,
difor har eg heile tida vist deg miskunn.
4 Endå ein gong vil eg byggja deg,
du skal byggjast opp att.
Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommene
og gå ut i latter og dans.
5 Endå ein gong skal du planta vinmarker
på fjella i Samaria,
og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.
6 Ja, det kjem ein dag
då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:
Kom, lat oss dra opp til Sion,
til Herren vår Gud!
2 tekstlesing
1 Joh 5, 1-5
1 Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar han som har fødd oss, elskar òg det som er fødd av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4 For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru. 5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?