3. søndag i påsketida


Tekstene. Planlagte messer i prostiet. Salme. Preken 

https://fb.watch/4XTSk_bnCI/

 

 

Tekster

Evangelietekst Joh 10, 1-10

1 «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. 3 Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
    7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

1 tekstlesing Esek 34, 23-31

23 Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira. 24 Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.
    25 Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane. 26 Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera. 27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane. 28 Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.
    29 Eg lèt planter veksa opp som det går gjetord om, ingen i landet skal meir rivast bort av svolt. Aldri meir må dei tola spott frå folkeslaga. 30 Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud. 31 De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.

2 tekstlesing Hebr 13, 20-21

20 Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, 21 må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje. Ja, måtte han ved Jesus Kristus skapa i oss det som er godt i hans auge. Han vere ære i all æve! Amen.

Planlagte messer i prostiet

Pr 13 april

Bygland og Årdal sokn: Avlyst Bygland

Valle og Hylestad sokn: Valle kyrkje, streaming Bykle / Valle og Hylestad

Bykle sokn: Ikkje Bykle / Valle og Hylestad

Evje og Hornnes sokn: Avlyst Evje og Hornnes

Åseral sokn: Ikkje Åseral 

Øvrebø menighet: Øvrebø kirke kl 19 kirkebakken.no

Hægeland: Hægeland menighetshus kl 17 kirkebakken.no

Vennesla menighet: Vennesla menighetshus kl 11 kirkebakken.no

Iveland menighet: Ikkje kirkebakken.no

 

Tilbake