Treeiningssøndag


Tekster. Preike. Program for gudsteneste i Bygland kyrkje søndag 30 mai 2021 kl 11:00.

 

 

 

21 I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
    23 Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»

Luk 10,21-24

https://bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster

Tidlegare tekster Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelyd > Kyrkjeåret

Tidlegare salmer Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelyd > Salmer

Tidlegare Andakter / prekner Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelyd > Andakter

Tidlegare Gudstenester Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelyd > Gudstenester

 

 

Gudsteneste i Bygland kyrkje Treeiningssøndag.

30 .mai kl. 11.00 

 

A| Alle P| Prest ML | Medliturg

 

Klokkeringing.

 

Preludium / forspill til salme

 

Inngangssalme Nr. 234

Jesus, du har brakt Guds rike nær i ord og sakrament!
For dets makt må Satan vike, troens djerve ild er tent.
Nakent kors og åpen grav er de seierstegn du gav.

 

Mild og sterk på nådens trone triumferer du, Guds Lam!
Som et tre med mektig krone skal ditt rike vokse fram.
Over hav og kontinent skal din seier gjøres kjent.

 

Jesus, kom og vær til stede, døp ditt folk med Ånd og ild!
Fyll vårt liv med ekte glede, så vi lever slik du vil.
Rust oss ut til ærlig strid, til å gå mens det er tid.

 

ML | Samlingsbøn. 

ML | Gode Gud, du som gjev liv til alt som lever, vi prisar deg for alt det vakre på vår jord, og for alt som lèt oss kjenna at du er god.

Her for ditt andlet bed vi: Gjev oss lyttande øyre, takksame hjarte og tenande hender, så vi kan høyra ordet ditt, lovprisa deg for di miskunn, og i ord og gjerning vitna om dine storverk. Gud, vi bed. Amen.

 

P| Nåde være med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. 

 

Syndsvedkjenninga.

P| Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre.

A| Heilage Gud, himmelske Far, sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde hug i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.

 

P| Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han. Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss. Sal 103,11-12

 

Bønerop.

A| Kyrie eleison, Gud Fader, miskunna oss. Kriste eleison, Herre Krist, miskunna oss. Kyrie eleison, Heilag Ande, miskunna oss.

 

Lovsong.

P| Ære vere Gud i det høgste

A| og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen.

 

Dagens bøn

 

ORDET

P| Seier: Lat oss høyra Herrens ord.

Første lesinga 1 Mos 18,1-8

 

Salme Nr. 272

Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,

dag for dag vår lovsang skal stige opp til deg!

Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,

Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!

 

Hellig, hellig, hellig! synger helgenskarer,

kaster sine kroner for dine føtter ned.

Englehærers jubel oppad mot deg farer,

du som var og er og evig bliver ved.

 

Hellig, hellig, hellig! Lyset er ditt rike,

intet urent øye kan se din herlighet.

Ene du er hellig, ingen er din like,

full av makt og renhet og av kjærlighet.

 

Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,

jord og hav og himmel, se alt skal prise deg!

Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,

Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!

 

Andre lesinga Rom 11,33-36

 

Salme Nr. 580

O Gud, på nåde rik og stor, send oss din Ånd, gi at ditt ord

fra øret så til hjertet går at liv og lys vi derav får,

 

det liv som er den sanne tro, så vi med Kristus fast kan gro,

det lys fra ham, som viser seg i kjærlighet på all vår vei.

 

Gi oss din Ånd, o Herre kjær, så vi deg kommer mere nær

i kjennskap, kjærlighet og tro, til vi får evig sabbats ro!

 

Evangelium 

P | Lat oss reisa oss og høyra Herrens ord

Halleluja A| Syng Frå Norsk Salmebok 2011: 977,5. Hallelujaomkvede

Evangelielesing: Luk 10,21-24

P/ML | Det står skrive i evangeliet etter… 

Lesinga sluttar med: 

P/ML | Slik lyder det heilage evangeliet.

Hallelujaomkvedet blir teke oppatt (Respons)

 

Preike.

Truvedkjenninga.  

A| Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

  Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,

som vart avla ved Den Heilage Ande,

fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus

vart krossfest, døydde og vart gravlagd fór ned til dødsriket,

stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen,

sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,

skal koma att derifrå og døma levande og døde.

   Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,

eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,

oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

 

Salme Nr. 611

Vi syng med takk og glede for Gud, vår kjære Far.

Han kallar oss til ljoset, og lovsong er vårt svar.

 

Omkved:

/: Lova Gud, lova Gud! Til vår gjerning går vi ut. :/

 

Vi syng med takk og glede for Gud, vår kjære Far.

Han kallar oss til livet, og frimod er vårt svar.

Omkved

 

Vi syng med takk og glede for Gud, vår kjære Far.

Han kallar oss til kjærleik, og truskap er vårt svar.

Omkved

 

ML| Kunngjeringar


 

Forbøn 

P | Vend mot kyrkjelyden: Lat oss vende oss til Gud i bøn!

ML|(Ved lesepulten): Allmektige, evige Gud, vi takkar deg og prisar ditt heilage namn, for du er god og di miskunn tek aldri slutt.

 

P | Vend mot altaret: Lat oss be for folk og nasjonar i verda. 

ML| Kjære himmelske Far! 

Vi ber særskild for flyktningar og krigsofre, for dei som lir urett og som er undertrykte rundt omkring i verda. Lat alle folk og nasjonar leve saman i fred og tryggleik. 

 (Aktuelle bønetema kan takast med).

 

P | Lat oss be for vårt eige land og folk. 

ML| Kjære himmelske Far! 

Vi ber for dei som er sjuke og einsame, for sørgjande, for arbeidslause og heimlause, for dei som sit i fengsel. Vi ber òg for alle dei som nyleg er komne til landet vårt. Hjelp oss å ta godt imot dei, og lat dei kjenna seg velkomne her i Noreg. 

(Aktuelle bønetema kan takast med).

 

P | Lat oss be for den verdsvide kyrkja og kyrkja i vårt eige land. 

ML| Kjære himmelske Far! 

Vi ber særskild for misjonsprosjektet vårt i Kambodsja. Må du gje alle born og unge høve til å gå på skule og få seg utdanning. 

Må du gje eining mellom alle truande. Styrk forkynnarar og misjonærar rundt omkring i verda, og gje dei styrke og glede i arbeidet. Velsign særskild alle dei som vert forfylgde på grunn av si tru. 

(Aktuelle bønetema kan takast med).

 

P | Lat oss be for vår eigen kyrkjelyd, familiane våre og staden der vi bur.  

ML| Kjære himmelske Far! 

Vi ber for gudstenestelivet, for diakoniarbeidet og for trusopplæringa vår. Gje oss alle mot og vilje til å tene deg.

Velsign dei som har sin bustad på Byglandsheimen.

Vi ber òg for alle frivillige medarbeidarar i kyrkje og bedehus. Gje oss alle styrke og visdom til å gjere ei god gjerning i ditt rikes vingard. Lat oss kjenne at vi står saman i Guds rikes arbeid.

Så bed vi for familiane. Lat heimen vere ein god og trygg plass for alle. 

Lat Bygland vere ein god kommune å bu i og virke i for oss alle. 

Be eventuelt for offerformålet.

(Aktuelle bønetema kan takast med).

Gje oss alle av din fred. Det bed vi deg om vår Gud og Far. 

 

Kvar for oss vil vi no leggja fram for deg det som ligg oss på hjarta. 

Stille bøn.

I Jesu Kristi namn bed vi til deg, vår Gud og Far.

 

Bønesalme. Frå salmer 1997, Nr. 161:

Å Gud, høyr vår bøn, å Gud, høyr vår bøn.

Når vi bed, gjev oss svar. Å Gud, høyr vår bøn,

å Gud, høyr vår bøn. Kom og ver du oss nær.

 

Fader vår. 

A| Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. 

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. 

Gjev oss i dag vårt daglege brød, 

og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. 

Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

 

Salme Nr. 763

Den blomstertid nå kommer med lyst og glede stor,
den kjære, lyse sommer da gress og grøde gror.
Nå rører solens armer ved alt som før var dødt,
de blide stråler varmer, og alt på ny blir født.

 

De fagre blomsterenger og åkrer rad på rad,
de grønne urtesenger og trær som skyter blad,
hver blomst, hver spire minner oss om å ta imot

det lys som alltid skinner fra Gud, vår skaper god.

 

Vi hører fugler sjunge  med herlig jubellyd!
Skal ikke da vår tunge lovsynge Gud med fryd?
Min sjel, opphøy Guds ære med lov og gledesang!
Han vil oss nådig være som før så mang en gang.

 

Gud signe årets grøde i alle verdens land!
Gud gi oss daglig føde fra jord og hav og strand,
og hjelp oss du å dele med andre det vi har,
vårt liv, vår jord, det hele er ditt, vår Gud og Far!

 

Du kjære Herre Kriste, du sol med klarest skinn,
la hjerte-isen briste og smelte i vårt sinn!
La dine budord følges, og mett oss med ditt ord,
la nådens lys ei dølges for oss på denne jord!

 

VELSIGNINGA. 

P| Lat oss prisa Herren!

A| Gud vere lova! Halleluja, Halleluja, Halleluja!

P| Herren velsigne deg og vare seg. Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. +

A| Amen (3x)

3x3 bøneslag

Postludium

Sending 

P| Gå i fred. Ten Herren med glede.

Tilbake