oppdatering, gudsteneste er flytta til Årdal krk på grunn av varsel om regn. Friluftsgudsteneste på Tveitå på Byglandsfjordens vestside


Søndag 20 juni 2021 kl 12:00 er det gudsteneste i Årdal krk, fordi det er varsla regn. Oppdatert kl 09:20.

Søndag 20 juni 2021 kl 12:00 er det friluftsgudsteneste på Tveitå. Her er kart og program. Arrangement ligg også på https://www.facebook.com/Byglandskyrkjene

 

 

 

Friluftsgudsteneste på Tveitå 20. juni 2021.
A| Alle P| Prest
I. SAMLING.
Klokkeringing.
Preludium / forspill til salme
Salme nr. 766.
I denne fagre sumarstid gå ut, mi sjel, og gled deg
i vår Herres store under! Sjå hagen prydd med blomeseng,
sjå garden med si grøne eng, og skog med li og lundar!
Sjå, kvar ei grein av lauv er full, og moldi pryder seg i gull
og fargar utan like! Sjå liljer, roser, blad og blom
ber større bragd og herlegdom enn Salomo den rike.
Høyr, lerka tirlar høgt i sky, og staren byggjer reir på ny,
med gauken gjel i lundar. Småfuglar syng i skogen sval,
og songen fyller fjell og dal i stille morgonstunder.
Sjå, åkren veks seg stor og tung til fryd for gamal og for ung,
som om Guds godleik kveder. Han pryder vent den vide jord,
han gåver gjev på kvar manns bord og alt som hjarta gleder.
Då tenkjer eg: Er du så stor, du venleik her på falne jord,
for syndarar å finna, kor stor skal gleda verta då
når vi den herlegdom får sjå som vi hjå Gud skal vinna!
Ja, var eg der og stod eg nær ved trona di, min Herre kjær,
og bar eg mine palmar! Eg ville då på englevis
deg syngja evig lov og pris med tusen fagre salmar.
ML | Samlingsbøn.
ML | Gode Gud, du som gjev liv til alt som lever, vi prisar deg for alt det
vakre på vår jord, og for alt som lèt oss kjenna at du er god.
Her for ditt andlet bed vi: Gjev oss lyttande øyre, takksame hjarte og
tenande hender, så vi kan høyra ordet ditt, lovprisa deg for di miskunn,
og i ord og gjerning vitna om dine storverk. Gud, vi bed. Amen.
P| Nåde være med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus
Kristus.
Syndsvedkjenninga.
P| Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre.
A| Heilage Gud, himmelske Far, sjå i nåde til meg, syndige menneske,
som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde

hug i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle
mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.
P| Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over
dei som fryktar han. Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre
bort frå oss. Sal 103,11-12
Bønerop.
A| Kyrie eleison, Gud Fader, miskunna oss. Kriste eleison, Herre Krist,
miskunna oss. Kyrie eleison, Heilag Ande, miskunna oss.
Lovsong.
P| Ære vere Gud i det høgste
A| og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi
prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen.
Dagens bøn
II. ORDET
P| Seier: Lat oss høyra Herrens ord.
Første lesinga Josva 24,19-24
Salme
Salme nr. 285.
Den prektig kledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd.
/: Han gav den gylne ringer
og røde purpurbånd. :/
Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
/: Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær. :/
Og alle verdens mennesker
og alle kongebud
/: ei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud. :/
Andre lesinga Ef 2,1–10
Salme nr. 525
Rop det ut med hjertets jubel,
gledesbudet fra ham selv:
Livet kan bli nytt fra nå av,
slettet ut er skyld og gjeld!
Ordet vitner høyt og hellig

om hans kjærlighet og makt.
Knel og tilbe, pris ham, hør ham,
gå og gjør som han har sagt!
Herre, takk for dyre skatter
som er skjult i dine ord.
La oss dele dem i troskap
med en mørk og nødstedt jord.
Vi vil vitne om din frelse,
om ditt bud og om din dåp,
tjene mennesker frimodig,
bringe verden lys og håp.
Gå og lær dem! Det var budet
dødens overvinner gav.
Stående er Herrens ordre
til hans venner nå som da.
Del med dem som går i mørke
alt hva Kristus har å gi.
Bring Guds ord til hele verden!
Bare det kan gjøre fri.
Evangelium
P | Lat oss reisa oss og høyra Herrens ord
Halleluja A| Syng Frå Norsk Salmebok 2011: 977,5. Hallelujaomkvede
Evangelielesing:
L/ML | Det står skrive i evangeliet etter Matteus 16,24-27.
Lesinga sluttar med:
L/ML | Slik lyder det heilage evangeliet.
Hallelujaomkvedet blir teke oppatt (Respons)
Preike.
Truvedkjenninga.
A| Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus
vart krossfest, døydde og vart gravlagd fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.
Salme nr. 268

Herre Gud, ditt dyre navn og ære
over verden høyt i akt skal være,
og alle sjele, de trette træle,
alt som har mæle, de skal fortelle din ære.
Gud er Gud, om alle land lå øde,
Gud er Gud, om alle mann var døde.
Om slekter svimler - blant stjernestimler
i høye himler utallig vrimler Guds grøde.
Høye hall og dype dal skal vike,
jord og himmel falle skal tillike,
hvert fjell, hver tinde skal brått forsvinne,
men opp skal rinne, som solen skinne, Guds rike!
ML| Kunngjeringar
Forbøn
P | Vend mot kyrkjelyden: Lat oss vende oss til Gud i bøn!
ML|(Ved lesepulten): Allmektige, evige Gud, vi takkar deg og prisar ditt
heilage namn, for du er god og di miskunn tek aldri slutt.
P | Vend mot altaret: Lat oss be for folk og nasjonar i verda.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber særskild for flyktningar og krigsofre, for dei som lir urett og
som er undertrykte rundt omkring i verda. Lat alle folk og nasjonar leve
saman i fred og tryggleik.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
P | Lat oss be for vårt eige land og folk.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber for dei som er sjuke og einsame, for sørgjande, for
arbeidslause og heimlause, for dei som sit i fengsel. Vi ber òg for alle dei
som nyleg er komne til landet vårt. Hjelp oss å ta godt imot dei, og lat dei
kjenna seg velkomne her i Noreg.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
P | Lat oss be for den verdsvide kyrkja og kyrkja i vårt eige land.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber særskild for misjonsprosjektet vårt i Kambodsja. Må du gje alle
born og unge høve til å gå på skule og få seg utdanning.
Må du gje eining mellom alle truande. Styrk forkynnarar og
misjonærar rundt omkring i verda, og gje dei styrke og glede i arbeidet.
Velsign særskild alle dei som vert forfylgde på grunn av si tru.
(Aktuelle bønetema kan takast med).

P | Lat oss be for vår eigen kyrkjelyd, familiane våre og staden
der vi bur.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber for gudstenestelivet, for diakoniarbeidet og for
trusopplæringa vår. Gje oss alle mot og vilje til å tene deg.
Velsign dei som har sin bustad på Byglandsheimen.
Vi ber òg for alle frivillige medarbeidarar i kyrkje og bedehus. Gje
oss alle styrke og visdom til å gjere ei god gjerning i ditt rikes vingard. Lat
oss kjenne at vi står saman i Guds rikes arbeid.
Så bed vi for familiane. Lat heimen vere ein god og trygg plass for
alle.
Lat Bygland vere ein god kommune å bu i og virke i for oss alle.
Be eventuelt for offerformålet.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
Gje oss alle av din fred. Det bed vi deg om vår Gud og Far.
Bønesalme. Frå salmer 1997, Nr. 161:
Å Gud, høyr vår bøn, å Gud, høyr vår bøn.
Når vi bed, gjev oss svar. Å Gud, høyr vår bøn,
å Gud, høyr vår bøn. Kom og ver du oss nær.
Fader vår.
A| Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
III. SENDING
Salme nr. 300.
No takka alle Gud
med hjarta, munn og hender,
som overmål av godt
så ufortent oss sender,
som heilt frå fyrste stund
til oss har nådig sett,
og alt som me treng til,
så rikleg oss har tétt.
Den evig rike Gud,
han òg heretter unne
oss fryd og hjartefred,

han gjeve at me kunne
få hjelp i all vår naud
og fast i nåden stå
og vinna i vår strid,
og så hans åsyn sjå!
Gud Fader og Guds Son,
ha takk og evig ære,
Guds Ande, trøystarmann,
han òg høglova vere!
Du eine sanne Gud,
som evig var og er,
me deg med audmjuk ånd
vårt takkeoffer ber.
VELSIGNINGA.
P| Lat oss prisa Herren!
A| Gud vere lova! Halleluja, Halleluja, Halleluja!
P| Herren velsigne deg og vare seg. Herren la sitt andlet lysa over deg
og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. +
A| Amen (3x)
3x3 bøneslag
Postludium
Sending
P| Gå i fred. Ten Herren med glede.

Tilbake