Om stenginga av Austad kyrkje


Austad kyrkje blir «stengd inntil vidare». 

Krevjande for Bygland kyrkjelyd. 

Eg syner til artikkel i Setesdølen den 26. januar om stenging av Austad kyrkje på Tveit, og etterfølgjande folkemøte på Ose grendehus den 7. mars. I soknerådet sitt vedtak i denne saka heiter det at kyrkja blir «stengd inntil vidare». I det ligg at så lenge brannfaren er så overhengande som den er ved bruk av det elektriske anlegget, må kyrkja ikkje brukast. 
Det møtte 29 personar på folkemøtet på Ose, og det var ikkje vanskeleg å merke stor uro og sorg i forsamlinga over dette vedtaket. Kyrkjebygg er viktige i folks liv. Og der nord i Bygland kommune har dei allereie mista så mykje, og kanskje kjem det meir til, og no blir altså kyrkja også stengd, rett nok inntil vidare. 
Det er sterke kjensler knyta til kyrkjer. Kyrkjene i Bygland har stått der i mange generasjonar, og vore der for folket i glede og i sorg. Her har folket samla seg til gudsteneste og kjend seg oppbygde i det indre menneske gjennom salmesong og forkynninga av Guds ord. 
På møtet på Ose kom det fram mange gode forslag om kva ein kan gjera for å få opna kyrkja igjen. Men alt landar på at kommunen må løyve pengar til oppgradering av det elektriske anlegget. Anslaget på dette er ein halv million. 
I kyrkja er det økonomiske ordna slik at det er staten som gjev pengar til kommunane, som igjen må fordele dette mellom alle dei oppgåvene dei skal dekke. Pengar er altså ikkje øyremerka til kyrkjeleg verksemd. I Bygland er det 5 relativt gamle kyrkjebygg som det kostar å vedlikehalde. 
I Bygland har kronebeløpet til drift av kyrkjeleg verksemd stått stille dei siste fire åra. I takt med allmenn kostnadsauke har dette gjort kyrkjebudsjetta trongare og trongare. Kyrkjeverja har gått ned frå 50 til 40 prosent stilling. Så har vi hatt ein sekretærressurs som vi har måtet seie frå oss. Stillinga til organisten er redusert og er ikkje lenger ei fast stilling, men vert utbetalt som timeløn. Trusopplæraren er løna av eit direkte tilskott, og er ikkje ein del av kyrkja sitt ordinære budsjett. 
I tillegg kjem det at presteressursen er halvert. Bygland har lenge hatt eigen prest i full stilling. Frå 2019 har dei måtte dele presten med Åseral. I Agder og Telemark bispedøme er det også knappheit på ressursar, og innstrammingar. Løna til presten kjem frå bispedømet, og er ikkje ein del av den lokale kyrkjelege økonomien. 
Bygland har også merka sterkt dei auka straumprisane. Å varme opp ei kyrkje til eit arrangement no om vinteren kostar mange tusen kronar. Så det gjer situasjonen berre endå vanskelegare. 
Dette er inga god situasjon å vere i. Men soknerådet såg inga annan utveg enn å stengja kyrkja på Tveit når situasjonen er som den er. 
Det som likevel er viktig å få fram er at kyrkjegarden på Tveit ikkje er stengd. Gravferder skal vi framleis ha der. Men ein må ha sjølve seremonien i eit anna lokale. Den kan ein ha i ei anna kyrkje, eller til dømes i Ose grendehus. Og sjølve kyrkjebygget vert heller ikkje ståande og forfalle. Det skal ha tilsyn. 
Samstundes som vi skriv dette, skal Bygland kommune ha ros for kvaliteten på dei tenestene dei utfører for kyrkja i Bygland - knytt til drift av kyrkjegardar, bistand ved gravferder, og mykje anna praktisk hjelp på ulike område. Men skal drift og vedlikehald av alle dei fem kyrkjene oppretthaldast må løyvingane aukast.  Det er den utfordringa me no står ovanfor. 

Kjell Steinbru i samarbeid med Olav Nilsen
 

Tilbake