Konsert med the Browns i Bygland kyrkje


Velkomen til konsert i Bygland kyrkje 16. august.

GJENHØYR MED THE BROWNS I BYGLAND KYRKJE!

 

Den amerikanske country-gospel-gruppa The Browns vitja Bygland kyrkje for nøyaktig 5 år sia.

Då gav dei ein forrykande konsert for ei nesten fullsett Bygland kyrkje, og sjeldant har vel trauste Setesdølar sluppe seg så laus i benkeradene!

No gler dei seg til å koma attende, og sjølv om dei turnerer i store konsertlokale rundt om  i både Europa og USA, har dei fleire gonger sagt at konserten i Bygland kyrkje et eitt av dei storste høgdepunkta i deira musikalske karriere!

Gruppa består av mor Shelly Brown, og borna Michaela Brown, Adam Brown og Andrew Brown.

Dei syng og spelar på både gitar, bass og fele, og musikken deira dekker eit breitt spekter av songar innan country gospel og Southern Gospel.

Ikkje minst felespelet imponerer, og sist gong dei var her gjekk dei til tider i samspel på ei fele med tre felespelarar!

Gjestene er enkle landsens folk frå ein liten by heilt nordvest i staten Iowa som heiter Le Mars.

Her bur dei på ein stor farm i utkanten av byen, og sidan far i familien ikkje kan synga og spela lyt han vere heime og passa garden.

Me vonar svært mange Setesdølar, Venndøler, Ivelendingar og anna godtfolk frå heile Agder tek turen til Bygland kyrkje onsdag 16.august kl.19.00!

Bilettprisen er kr.200,- som kan betalast kontant eller på VIPPS ved inngangen.

Arrangør er Bygland sokneråd i samarbeid med Skjærgårdssang.

 

Tilbake