Til medlemmene i Bygland og Årdal sokneråd
MØTEREFERAT MÅNDAG 08.04.2024
Møtet vart halde måndag 08.04.2024 kl.19.30 i kommunestyresalen.
Desse møtte:
Gro Tove Frafjord Sandnes, Susanne Hegenscheidt, Øyvind Aakhus, Even Simonsen, Tor Austad Bjørgum, Liv Sigrun Upsal og Ivar Dahl.
Kjell Steinbru og Ann-Cecilie Andersen hadde meldt forfall.
I tillegg var 20 tilhøyrarar tilstades, og desse fekk høve til å stille spørsmål i sak 15/24.
Fellesrådssakene 15/24 og 12/24 vart handsama først.
Sak 11/24 Strategi for auka gudstenesteoppslutning og anna kyrkjeleg verksemd
SAMRØYSTES VEDTAK:
Soknerådet inviterer til eit åpent folkemøte før sommaren for å få innspel til strategi for auka gudstenesteoppslutning.
Ein kjem attende til møtetidspunkt.
Sak 12/24 Bruksendring bibliotek og bankbygg
SAMRØYSTES VEDTAK:
Bygland kyrkjelege fellesråd har ingen merknader til dette.
Sak 13/24 Årsfest.
SAMRØYSTES VEDTAK:
Årsfesten vert lagt til Olsokfeiringa i Sandnes kapell måndag 29.juli.
Nærare detaljar vert drøfta på neste soknerådsmøte.
Sak 14/24 Orienteringssaker
Bygland og Årdal Sokneråd står som formell arrangør for Gaither-konserten med Reggie og Ladye Love Smith i Bygland kyrkje 12.juli kl.19.00. Dette i samarbeid med Bygland bibel- og naturcamp og Skjærgårdsgospel.
Sak 15/24 Status og vidare framdrift Austad kyrkje Tveit
SAMRØYSTES VEDTAK:
Endeleg vedtak om status for Austad kyrkje Tveit vert utsatt i påvente av ein tilbodsforespørsel på nytt elektrisk anlegg til fleire leverandørar.
Når desse tilboda føreligg må Bygland kyrkjelege fellesråd sende ein sak til kommunestyret om naudsynt finanseiring.
Punkt 2-4 i opphaveleg framlegg til vedtak vert tekne bort då desse punkta bør koma opp i eigen sak om vidare strategi for alle kyrkjene i Bygland.
Bygland, 08.04.2024
Olav Nilsen
kyrkjeverje