Til medlemmene i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.
MØTEINNKALLING MÅNDAG 4. NOVEMBER KL.19.00
Det vert herved innkalt til nytt møte i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.
Møtet vert halde måndag 04.11.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.
Om nokon vert forhindra frå å møta, ver grei å seie frå snarast til underteikna på
tlf. 982 99711, eller mail: kbnilsen@hotmail.com
SAKER TIL HANDSAMING:
- Sak 23/24 - fellesrådssak Driftsbudsjett for Bygland kyrkjelege fellesråd 2025
Årsprognose for Bygland kyrkjelege fellesråd 2024.
- Sak 24/24 - soknerådssak Gudstenesteliste – Offerliste 2025 – Ny misjonsavtale
- Sak 25/24 - soknerådssak Orienteringssaker
Bygland kyrkekontor, 21.10.2024
Olav Nilsen
Kyrkeverje
Vedlegg:
- Driftsbudsjett 2025
- Gudstenesteliste – offerliste 2025
- Nytt misjonsprosjekt
Sak 23/24 Driftsbudsjett for Bygland kyrkjelege fellesråd 2025 – Årsprognose 2024.
I det ein syner til vedlegg 1, ”Budsjett 2025” legg ein med dette fram forslag til driftsbudsjett for 2025. Her er og ei eiga kolonne for årsprognose 2024.
For samanhengens skuld kommenterer ein punkt for punkt i høve til systematikken i vedlegget.
Budsjettet for Bygland kyrkjelege fellesråd er inndelt i ansvarsområda:
10000 Administrasjon
10001 Kyrkjer og Kyrkjegardar
10002 Anna kyrkjeleg verksemd
10005 Kyrkjeblad
10003 Trusopplæring
10004 Prostidiakon.
- Lønsposter administrasjon.
I fastlønsbudsjettet ligg det inne ein stillingsprosent til kyrkjeverja på 40 %.
Kyrkjeverjas løn har dei siste åra vore justert i høve til årleg indeks for gjennomsnittleg lønsauke.
Noverande kyrkjeverje gjeng no på pensjonistløn, men budsjettmessig finn ein det likevel mest korrekt å budsjettere med ordinær løn.
Det er generelt lagt inn ei fornvente lønsauke i 2025 på 5,5 prosent.
Det er og avsett ein pott til godtgjersle folkevalde, i 2023, 2024 og 2025 berekna til kr.15.000,-
- Interne overføringar.
Kyrkjeverja har ein del administrativt arbeid i samband med prostidiakoniarbeidet, sidan Bygland kyrkjelege fellesråd er prostidiakononens formelle arbeidsgjevar.
Ein ser det difor som rimeleg å berekna kr.5.000,- for dette arbeidet. Midlane vert overført frå ansvarsområde 10004 Prostidiakon, og har ein tilsvarande utgiftspost der.
- Tilskot frå kommunen.
Det ordinære kommunale tilskotet for 2024 var kr.1.395.000,-
Kommunen har gjeve lovnad om ei generell auke på 4,10 prosent. Dette ut frå forventa løns- og prisauke i 2025.
I tillegg får Fellesrådet i 2024 eit ekstra tilskot på kr.22.700,- frå kommunen til delvis dekning av auka KLP-premie, og ein refusjon i samband med eit oppdrag kyrkjeverja har utført på vegne av Bygland kommune.
- Lønsposter kyrkjene.
Postane her utgjer løn til klokkarar, kyrkjetenarar og reinhaldarar, og har ein samla stillingsprosent på på rundt 35%. Alle desse er løna på timebasis, så samla stillingsprosent kan variera noko frå år til år.
Budsjett-talet for løn til klokkar, reinhaldar og kyrkjetenar er halde på same nivå som rekneskapsprognosen for 2024.
- Straum/energi.
Ein legg til grunn same budsjett-tal i 2025 som rekneskapsprognosen for 2024.
Det skal leggast til at ingen kyrkjebygg er oppvarma utover dei gongene det er gudstjenester og andre samlingar der. I så måte nyttar ein aldri meir straum enn det som er naudsynt. I tillegg er Austad kyrkje Tveit framleis stengt.
- Vedlikehald og byggtenester.
Det er berekna samla vedlikehaldskostnader i 2024 på i underkant av kr.200.000,- I 2025-budsjettet er det lagt inn kr.100.000,- til ordinære vedlikehald.
I tillegg er det sendt søknad til kommunen om tilskot til nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit. Dette føreset og ei auke i det kommunale driftstilskotet på kr.50.000,-
Jfr. her sak 20/24 der det er berekna ei netto investering på kr.622.500,-
Vidare vart det i sak 22/24 orientert om naudsynte takreperasjonar på Årdal kyrkje Grendi.
Samla kostnadsanslag er endå ikkje klart, men ein reknar med det kan dreie seg om samla kostnader på rundt kr.1 million.
Riksantikvaren er her kopla inn, og det vil innan søknadsfristen 04.11.2024 bli søkt om tilskot til eit forprosjekt for å berekna det eksakte omfanget i denne saka.
Kyrkjeverja vil i alle høve tilrå at og denne saka vert løfta fram til kommunen på lik linje med saka om nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit, då fare for taklekkasje er ein svært alvorleg bygingsteknisk sak som snarast må utbetrast.
- Serviceavtaler og reperasjonar.
I hovudsak er det vedlikehald av orgel og stemming av piano som gjeng inn i denne posten. Frå og med 2021 har det tyske orgelfimaet Markus Krawinkel utført dette vedlikehaldet. I 2023 var det service på alle kyrkeorgela i Bygland, medan det i 2024 berre var service på orgelet i Årdal kyrkje Grendi. Men samstundes har det i år vore service på samtlege piano.
I 2025 vert det igjen service på alle kyrkjeorgel i Bygland. Og ein del anna service og reperasjonar inngår i desse tala.
- Kjøp av organisttenester.
Frå og med 2014 har orgeltenesta i Bygland og Årdal sokn vore løyst gjennom kjøp av tenester frå ulike organistar. Det same vil og vera tilfelle i 2025, og er berekna til totalt kr.200.000,-
- Kjøp av konsulenttenester.
I samband med saka om nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit vart det nytta konsulent til å laga klart grunnlaget for tilbodsforerpørsel til aktuelle leverandørar.
I tillegg er det berekna konsulentkostnader i samband med naudsynte takreperasjonar i Årdal kyrkje Grendi. Ein har og sett av midler til same formål i 2025.
10. Kyrkja tek kr.3.000,-pr.gravferd for dei som vert gradlagt i Bygland kommune, men har vore busett utanfor kommunen. I 2025 er det berekna to slike gravferder.
11. Festeavgift
Det er berekna ein årsprognose på kr.64.000,- i 2024, og kr.40.000,- i 2025.
12. Prostidiakonen
Bygland, Valle og Bykles andel er berekna til kr.117.000, på kvar i 2024. I 2025 er det berekna ein naudsynt auke på kr.45.000 frå kvart av deltakarsokna for at denne verksemda skal kunne gå i balanse. Sjå elles kommentar under pkt.15.
13. Kyrkebladet
Som nemnd i siste nummer av Kyrkebladet kostar dei 4 utgjevnadene i året rundt kr.12.000,- pr nummer. I tillegg kjem avtalt løn til grafikar på kr.3.000,- pr.nummer. Gåveinntektene har samstundes gått ned. Dette er ein situasjon som gjeld samtlege kyrkjeblad i Otredal prosti. Utgiftene i Bygland vert halde på eit minimum med gratis utkøyring av bladet, og ein samla trykkekostnad på omtrent same nivå som då Setesdalstrykk gjorde jobben. Nytt trykkeri er Bjorvand & co, og grafikar er Erik Dyngvold som gjer eit svært godt arbeid for oss. Kyrkjeverjas tilråding er at Kyrkebladet vert vidareført og i 2025, sjølv om det er berekna eit samla underskot på i underkant av kr.30.000,-
14. Trusopplæring
Frå og med oktober 2024 er Janne Theodora Wikstøl engasjert som ny trusopplærar i Bygland kyrkjelege fellesråd. Nærare orientering om dette kjem under orienteringsakene.
15. Prostidiakon
Frå og med 01.01.2020 gjekk Bygland, Bykle og Valle inn i eit felles prostidiakonisamarbeid, der ein samla dekker ei 50 prosent stilling til prostidiakontenesta i Øvre Otredal. Bygland vart samstundes sekretariat, rekneskapsførar og løns-/personalansvarleg for denne eininga. Tidlegare Prostidiakon Per Emanuelsen var løna på pensjonistløn, og følgelig har dei reelle lønsutgiftene vore vesentlig lågare enn det som ligg inne i budsjettforslaget. Det betyr og at ein fram til 01.08.2023 ikkje har trengt å bruka noko av fondsmidlane, jfr post 39500.10004.044.
Frå og med 01.08.2023 er Åse Gudrun Thortveit tilsett som ny prostidiakon, og hennar årsløn er nett justert til kr.300.000,- for ei 50 prosent stilling.
Ein må difor både i 2023 og 2024 nytta deler av oppspart fond for å få rekneskapen til prostidiakonisamarbeidet i balanse.
Samla bunde fond pr.31.12.2023 var kr.230.111,-, og forventa restfond pr.31.12.2024 er rett i overkant av kr.100.000,-
Frå og med 2025 må en difor auka tilskota frå kvart deltakarsokn med kr.45.000,- og alle fellesråd har no fått orientering om dette.
16. Totalt
Som det gjeng fram av linja «Sum Bygland kyrkjelege fellesråd» vert det i 2024 berekna eit overskot på rundt kr.60.000,-
Disposisjonsfondet pr.31.12.2023 var kr.268.709,-
Rekneskapsprognosen for 2024 tilseier som nemnd ei overskot på i underkant av kr.60.000,-
Det tilseier at disposisjonsfondet pr.31.12.2024 vil utgjera rundt kr.330.000,-
FRAMLEGG TIL VEDTAK:
Vedlagte budsjettframlegg slik det gjeng fram av kolonne ”Budsjett 2025” vert fastsett som Fellesrådets driftsbudsjett for 2025.
I tillegg søker ein Bygland kommune om eit tilskot til nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit på netto kr.622.500,- og eit tilskot til reperasjon av taket på Årdal kyrkje Grendi på inntil kr.1 million.
Det er ein føresetnad for gjenåpning av Austad kyrkje Tveit at det kommunale driftstilskotet vert auka med kr.50.000,- i året.
Sak 24/24 Gudstenesteliste - Offerliste 2025 – Ny misjonsavtale
Framlegg til gudstenesteliste for 2025 er utarbeidd av sokneprest Kjell Steinbru.
Vedlagt følgjer denne, samt framlegg til offerliste.
Denne bygger i stor grad på offerlista i 2024, men med nokre justeringar.
Misjonsavtalen me hadde med Misjonsalliansen gjekk eigentleg ut 01.01.2024.
Den bør difor fornyast, eller me må finna eit nytt misjonsprosjekt.
Kyrkjeverjas forslag er eit heilt spesielt prosjekt i regi av Den Norske Israelsmisjon (DNI)
I ein region der krig og vald herjar, er Den Norske Israelsmisjon på plass med ulike fredsskapande tiltak mellom folkegrupper som elles ligg i bitter strid.
Israelsmisjonen feirer i år sitt 180-årsjubileum, og var såleis starta lenge før staten Israel vart oppretta.
Namnet kjem avdi jødane den gong vart kalla Israelittar. Det var dei same som starte Noregs første misjonsorganisasjon - Det Norske Misjonsselskap - som og starta Israelsmisjonen. Fram til Israel vart oppretta i 1948 var det først og framst evangelisk og sosialt arbeid blant jødar i Aust-Europa som var i fokus, og framleis har Israelsmisjonen arbeid i Ungarn, Romania og ikkje minst Ukraina - der dei i kystbyen Odessa befinn seg svært nær krigsfronten mot Russland.
Her samarbeider dei med "Jews for Jesus", som dei og har eit samarbeid med blant jødar i London.
Israelsmisjonens motto er "Evangeliet tilbake til jødene" - sia dei som folk endå ikkje har teke imot Jesus som sin Messias.
I Israel driv Israelsmisjonen eit omfattande diakonalt og evangeliserande arbeid, og kyrkelydene dei stør er ofte samansett av både jødar, palestinarar og Arabarar.
Den største kristne (Messianske) kyrkjelyden i Israel ligg i Haifa, der hovudpastoren er ein kristen Araber.
Det spesielle prosjektet heiter "Machaseh", og nedanfor saksar me litt frå Israelsmisjonens (DNI ) si orientering om dette:
I Jerusalem støtter DNI diakonalt arbeid blant de mest marginaliserte menneskene i det israelske samfunnet, uavhengig av religion, kultur og etnisitet.
Gjennom partnersamarbeidet med Machaseh kommer vi i kontakt med mange mennesker som på ulike vis har erfart livets skyggeside. Vi vil vise nestekjærlighet til de som har blitt utsatt for ulike typer overgrep.
Machaseh betyr tilfluktssted. Machaseh gir mennesker et glimt av himmel midt i en tung og vanskelig hverdag, der mennesker blir sett, anerkjent og verdsatt.
Fokusområder:
- Redde barn og voksne fra utrygge hjem
- Kjempe mot menneskehandel
- Bistå med juridisk veiledning
- Tilby terapi og sjelesorg
- Tilby mat og klær til de fattige
- Hjelpe holocaustoverlevende
- Driver forsoningsarbeid (Benot Yeshua/Jesu døtre)
- Samtalegrupper om tabubelagte teamer
Ein legg og med ein artikkel om Arabiske Nadya som bur i Betlehem, men som etter 7.oktober har vore avskore frå å vera med i arbeidet i Jerusalem.
På Agder er Farsund kyrkjelyd med og stør dette spesielle prosjektet, og ein gjer her framlegg om at dette vert vår nye Misjonsavtale for dei to neste åra, det vil seie 2025 og 2026.
Litt om dei andre på tilrådd offerliste, og her har ein nummerert det i feltet til venstre på gudstenestelista.
- Lego Romania. Åse Torhild Guldsmedmoen frå Byglandsfjord har organisert hjelpesendingar til naudlidne vener i Romania sidan 2007. Meir enn 20 trailerlass med m.a. varme sko og varme klede he funne vegen frå heimbygda nedst i Setesdal til ein landby nord i Romania. Sjølv har Åse Torhild vore i Romania meir enn 25 gonger. Me plar stø hennar arbeid med ei årleg ofring første nyårsdag.
- Israelsmisjonen. Allereie omtala ovanfor.
- Søndagsskulen Norge vart stifta i 1889. I dag består organisasjonen av medlemmer, friviljuge leiarar, søndagsskuler og barnegrupper over heile landet. Søndagsskulen Norge er ein sjølvstendig og ekumenisk orientert organisasjon, med spisskompetanse på borns tru, eit fagleg godt opplegg og mange engasjerte friviljuge.
- Byglandsfjord barnekor held til på Fredheim bedehus på Byglandsfjord, og er eit populært tiltak for borna i området.
- Det Norske Bibelselskap er ein del av De forente bibelselskaper, eit fellesskap av nasjonale bibelselskap i meir enn 200 land og territorier. Saman er dei verdas største aktør når det gjeld oversetjingar, utgjeving og distribusjon av Bibelen. Bibelselskapa er og aktive innan områder som hiv/aids, traumearbeid og leseopplæring. Bibelskapa samarbeider med alle kristne kirkesamfunn og mange internasjonale ikkje-statlige organisasjoner.
- Åpne Dører (Open Doors International) er ein tverrkyrkjeleg, internasjonal misjonsorganisasjon som arbeider for og støtter forfulgte kristne i over 70 land. I tillegg til ei omfattande informasjonsvirksemd, arbeider organisasjonen med nødhjelp, traumehjelp, medisinsk hjelp, gjenoppbygging av hus og kyrkjer, utdanning, mikrolån og rettshjelp. Organisasjonen hadde i 2022 1500 tilsatte på verdsbasis, og eit et årleg budsjett på 1,5 milliarder norske kroner. I den norske avdelinga, som har hovudkontor i Bergen, er det 19 tilsatte og ein årleg omsetnad på 48 millioner.
- Misjonsalliansen er ein global kristen organisasjon som kjemper mot fattigdom og urett. Misjonsalliansen arbeider saman med eit breidt nettverk av grupper og enkeltpersonar som bekjemper fattigdom i små og store lokalsamfunn i Sør-Amerika, Afrika og Asia. Dei arbeider lokalt forankra gjennom organisasjoner og kyrkjer. Desse er ein del av, eller er tett på lokalsamfunna der folk bur. Saman skaper dei prosjekt som løyser sentrale utfordringar for folk i lokalsamfunna, så dei sjøvle kan skape seg ei betre fremtid. Misjonsalliansen bidrar med råd, erfaring og penger for å gjera arbeidet mogeleg. Dei utruster og dei lokale aktørane til ein dag å kunne drive arbeidet videre på eiga hand.
- Normisjon driv eit stort og omfattande misjonsarbeid i inn- og utland, mellom anna i Mali - der Hilde og Alf Halvorsen frå Kristiansand har vore stasjonert i mange år. Alf Halvorsen var nett i Sandnes kapell og orienterte om dette arbeidet. Dei driv og Bibelskulen i Grimstad, og mange andre skular og folkehøgskular over heile landet. I vårt distrikt er dei mellom anna representert gjennom Norkirken Evje.
- Frelsesarmeen skulle vere kjent for dei fleste. Dei er ei kristen kyrkje, bevegelse og organisasjon som arbeider i over 130 land og har til saman 300 lokasjonar rundt om i Norge.
- Kirkens Nødhjelp er ein norsk bistandsorganisasjon som arbeider i over 30 land med naudhjelp og langsiktig utviklingsarbeid. Det er denne organisasjonen konfirmantane kvart år vert engasjert i gjennom årets fasteaksjon.
- KVS Bygland har i år 85 elever, og skulle vera kjend for dei fleste. Det er Indremisjonsforbundet som driv denne skulen - som på mange måter er ein søsterskule til KVS Lyngdal - tidlegare Lyngdal jordbruksskule. Skuleanlegget vart i 2002 overført frå Aust-Agder fylkeskommune til KVS Bygland, som etter det har utvida tilbod, internatbygg og undervisningslokaler i stort omfang.
- Vonheim bedehus på Bygland skulle vera kjend for dei fleste, og treng såleis ingen vidare presentasjon. I år har ein vald å legge konfirmasjonsundervisninga til Vonheim bedehus.
- Fredheim bedehus på Byglandsfjord skulle og vera kjend for dei fleste. Ein finn det naturleg at me i samband med kyrkjeofringane og stør lokale postive krefter i nærmiljøet. Såleis veit me at Fredheim bedehus gjennom åra har betydd mykje for mange i nedre del av kommunen.
FRAMLEGG TIL VEDTAK:
Gudstenesteliste og offerliste for 2025 vert vedteke slik det gjeng fram av vedlegg 2
Frå og med 01.01.2025 gjer ein avtale med Den norske Israelsmisjon om ”Machaseh” som nytt misjonsprosjekt for 2025 og 2026.
Sak 25/24 Orienteringssaker