►Pilegrimsvandring i Otredal prosti 2021-2024


Første vandring frå Fjellgardane krk til Austad krk 25. juni 2021 - 28. juni 2021. Påmeldingsfrist er 1. mai 2021 til prostidiakonane. 

 

Pilegrimsvandring i Otredal prosti år 2021 - 2024

Vandring til forandring gjennom Setesdal

Første vandring er 25-28 juni 2021

Det blir ei vandring frå kyrkje til kyrkje i øvre Setesdal i 2021. Det er sokneråd, diakoniutval, bygdekvinnelag, og mange friviljuge som står bak.

  • Me startar i Fjellgardane kyrkje på Hovden fredag 25. juni 2021 kl 09:00 med ei pilegrimsgudsteneste,
  • Laurdag 26. juni 2021 kl 09:00 er det pilegrimsgudsteneste i Bykle kyrkje.
  • Sundag 27. juni 2021 kl 09:00 er det pilegrimsgudsteneste i Valle kyrkje.
  • Måndag 28. juni 2021 kl 09:00 er det pilegrimsgudsteneste i Hylestad kyrkje på Rysstad, og same dag på ettermiddagen vert det avslutning i Austad kyrkje på Tveit. 

Dette er tenkt å skulle vere den fyrste av fire vandringer gjennom heile Otredal prosti, frå kyrkje til kyrkje. Planen er at me saman kan vandre inn i den nye Vennesla kirke ein vakker dag i slutten av juni i 2024.

Overnatting

Det blir tre overnattinger undervegs. 

  • I Bykle 25-26 juni 2021, enten i Bykle hotell, i Bykle kyrkje, eller privat overnatting
  • I Valle 26-27 juni 2021, enten på Bergtun, Valle skule eller privat overnatting.
  • På Rysstad 27-28 juni 2021, enten på Sølvgarden, Hylestad soknehus eller privat overnatting

Måltider

  • Frokost den 26 juni, 27 juni og 28 juni vert servert kl 08:00 med nistesmøring
  • Ved ankomst til Bykle den 26 juni, til Valle den 27 juni og til Rysstad den 28 juni vert det servert eit måltid mat som den lokale kyrkjelyden/foreiningar/lag står bak. 

Kva du må ha med deg

  • Klede, fottøy og utstyr som passer for deg etter årstid og vermelding. 
  • Drikkekrus, tallerken og bestikk som gjer det enkelt med smittevern.
  • Ved overnatting på fellesovernattingsstader må du ha sovepose og liggeunderlag. 

Bagasje vert køyrt frå kyrkja til felles overnattingsstad.

Transport

Den enkelte må sørge for å kome seg til Fjellgardane kyrkje den 25 juni kl 9. Er det fleire som veit om kvarandre så går det an å setje att ein bil eller to ved Austad kyrkje, eller andre stader på veg opp. Det vil også vere muleg å få henta bilen ned frå startstaden etter ankomst på kvelden. Fleire av dagsetappene inneheld også forflytning med minibuss. 

Pris

Me tenkjer oss ein døgnpris på 200 kr som alle betaler uansett overnattingsmåte. Dette betalast ved frammøte med Vipps eller liknande. Dei som bestiller overnatting på hotell gjer opp for seg ved ankomst til hotellet. 

Arbeidsgruppe for fyrste vandring består av Bernt Berntsen, Svein Kleivane, Sissel Åkre og Per Emanuelsen. 

Påmelding

Innan 1. mai 2021 melder ein seg på til Per Emanuelsen telefon 977 19 173 epost pe-me@online.no eller Helga Victoria Aas Johnsen telefon 992 30 189 epost helga.johnsen@kirkebakken.no

Det er prostidiakonene Helga Victoria Aas Johnsen (Vennesla, Øvrebø, Hægeland, Iveland, Evje og Hornnes og Åseral) og Per Emanuelsen (Bygland og Årdal, Valle og Hylestad og Bykle) som står for pilgrimsvandringa, med hjelp av arbeidsgruppa som består av Bernt Berntsen, Sissel Åkre og Svein Kleivane.

 

Tilbake